Dei uforgløymelege reisene og møta til ein legendarisk artist. M Train tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Patti Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før.
Ho inviterer oss inn i sin New Yorkkvardag, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tatt med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt.
M Train er ei kraftfull og djupt rørande memoarbok av ein av vår generasjons største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto.
Til norsk ved Brit Bildøen.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788252189087
Publisert
2016-01-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
428 gr
Høyde
212 mm
Bredde
140 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
241
Orginaltittel
M train
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter
Oversetter
Illustratør