Kvifor er det så vanskeleg å akseptere at foreldra våre, dei som alltid har vore sterke og ansvarsfulle, plutseleg skal bli gamle? Er det fordi vi sjølv må innsjå at vi for alvor har blitt vaksne?
I denne personlege boka utforskar Kjartan Brügger Bjånesøy kva det vil seie å bli eldre. Han fortel om faren som blir ramma av slag, korleis den sterke arbeidsmannen må godta at han er blitt ein annan mann, han må ha hjelp til stadig fleire daglege oppgåver. Og Kjartan sjølv, eit barn av 70-talet, forstår gradvis at han er blitt ein middelaldrande mann med ansvar og plikter.
Kjære pappa er ei bok full av kjærleik, sjølvironi, nostalgi og djupt alvor. Det er eit varmt portrett av ein familie og ei klok bok om tida som går og om det å gå inn i nye livsfaser og få nye roller.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788248923206
Publisert
2019-02-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kagge
Vekt
380 gr
Høyde
218 mm
Bredde
145 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
169
Forfatter