HELSING FRÅ JÆREN Gamle postkort frå Klepp, Time og Hå Sidan 1900-talet har det vore store endringar på Jæren. Dette vert godt dokumentert på gamle postkort. Per Vold på Vigrestad har ei stor samling av slike postkort, og i denne boka har me fått høve til å løfta fram gamle postkort frå heile Jæren. Me har òg fått hjelp med bilettekstar av Hans Torgny Indrebø (Hå), Kjell Olav Stange- land (Time), Reidar og Svein Efteland (Klepp). På byrjinga av 1900-talet, før det fanst moderne biletmedia som fjernsyn, film og internett, var postkort svært populære. Saman med aviser og tidsskrift var dei ein viktig og vanleg måte å spreia aktuelle bilete både av nyhende og kjendisar. I dag er gamle postkort ettertrakta, og sett på som kulturhistoriske samlarobjekt. «Helsing frå Jæren» viser korleis Jæren ein gong var, og korleis utviklinga har vore. Her finn ein postkort frå byrjinga av 1900-talet og fram til 1960. Med opplysningane som lesaren finn i bilettekstane, skapar dette ein forteljande heilskap og ei bok som bør finnast i ein kvar heim der det bur folk som er interessert i Jæren.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293913160
Publisert
2022-11-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Jæren forlag
Vekt
900 gr
Høyde
250 mm
Bredde
195 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
275

Redaktør