Europearen Aasmund Olavsson Vinje. Aasmund Olavsson Vinje er velkjend som forfattar og som den første moderne journalisten her i landet. Mindre kjend er det internasjonale perspektivet i journalistikken til Vinje. Dei mange krigane og samlinga til europeiske nasjonalstatar frå midten av 1800-talet følgde Vinje ivrig med i. Det gjeld til dømes Krimkrigen, dei dansk-tyske krigane i 1848 og 1864, Italias samling, industrialiseringa i Storbritannia og utviklinga i Amerika. Vinje sette ein ny tone i kommentar og kritikk, han var antiautoritær og like kunnig som ironisk. Han nytta dagsaktuelle hendingar til å utvikla resonnement omkring enkeltmenneske og samfunn, stat og nasjon, og han såg også på det heimlege landskapet i eit europeisk stormaktsperspektiv. Heilt frå dei tidlege bladstykka i Andhrimmer og Drammens Tidende og til dei siste tekstane i Dølen tek Vinje opp internasjonale spørsmål. Dette internasjonale - helst europeiske - perspektivet har i liten grad vore kommentert i ettertida.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2020
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter