Om du seglar inn Sognefjorden og svingar hardt styrbord i god tid før du rundar neset og får Vikøyri i sikte, då hamnar du i Framfjorden. Her vart Sverre Bungum fødd (1936) og trødde sine barne- og tidlege ungdomsår. Etter endt lærarutdanning arbeidde han ei kort tid ved Øvre Årdal Linedelte ungdomsskule, før han i 1965 for alvor gjorde stril av seg, og har sidan då vore busett på Klokkarvik på Sotra. I «Den gamle mannen og guten» ser han attende på sin barndom i Framfjorden. Med varme, litt alvor, og ikkje minst mykje humor skildrar han ein oppvekst som trass manglande «verdsleg» gods og gull, var rik på mykje anna. Sverre Bungum er ingen nybyrjar innan skrivekunsten, noko som er lett å skjøna når ein les. Eit til tider litt arkaisk nynorsk, iblanda gode dialektuttrykk, understrekar ektheita i forteljingane. I tillegg til barndomsminner er her også ein del fabuleringar rundt meir dagsaktuelle tema, som dialektbruk, ungdomskriminalitet og pandemiar. Alt skildra med ein humoristisk vri.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788269102499
Publisert
2021-11-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Hammersland bok & musikk
Vekt
285 gr
Høyde
215 mm
Bredde
148 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
130

Forfatter
Illustratør