Når vi driv god agronomi, kultiverer og forbetrar vi dyrkingsjorda. Kunnskap om eigenskapane til jorda og ytre forhold som påverkar, bidrar til ein jordkultur - det å behandle dyrka jord - som sikrar god plantevekst. I tråd med dette tar boka opp grunnleggande kunnskap om jordkultur og jord som vekseplass for dei fleste aktuelle plantekulturar. Agronomi - jordkultur bidrar til å utvikle ei forståing for dei miljø- og klimautfordringane vi no står i. Måten vi arbeider med jorda på har òg mykje å seie for miljøet og samspelet i naturen. Ved å peike på forskjellar på god jordkultur mellom ulike driftsformer, f.eks. ulik bruk av husdyr- eller mineralgjødsel, gir boka deg kompetanse til å arbeide med økologisk så vel som konvensjonell drift. Målet er å basere all jordkultur og planteproduksjon på økologiske og berekraftige prinsipp. Kompetansemåla som blir dekt, er henta frå programområdet vg2 Landbruk og gartnarnæring, i tillegg til kompetansemåla for vg3 Landbruk og delar av måla i vg3 økologisk landbruk. Agronomi - jordkultur nettressurs tilbyr ein illustrert omgrepsdatabase, ekstra oppgåver og undervisningsopplegg. Svein Skøien er utdanna ved Norges landbrukshøgskole (no NMBU) og var tilsett der som statskonsulent i jordfag. Ein periode var han òg amanuensis og informasjonsdirektør. Skøien har undervist i jordfysikk og jordkultur og forska spesielt på jorderosjon. Han var med på å etablere dei første universitetskursa i økologisk landbruk. I ein kort periode var han òg tilsett som forskar på vassmiljøtiltak i NIBIO. Skøien har vore landbrukssjef i Ås kommune og fylkesagronom i Østfold fylke. Sidan 2017 var han tilsett i Norsk landbruksrådgiving med ansvar for klimatiltak i jordbruket og «Klimasmart landbruk».
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211046925
Publisert
2023-11-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
929 gr
Høyde
260 mm
Bredde
205 mm
Dybde
15 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
291

Forfatter
Oversetter