Harry og Ivar er tilbake! Harry og Ivar er to karar i sin beste alder, og no har dei starta detektivbyrå. Når skrinet med Leonardo da Vincis store løyndom blir stole frå bymuseet, då får dei ei utfordring dei ikkje kan seie nei til. Godt nytt: Museumsdirektøren har lova finnarlønn til det detektivlaget som løyser saka. Og Ivar får hjelp av oppfinnaren Toni Invento og dottera Siv. Dårleg nytt: Laget til Harry, HARRYS GRANDIOSA DETEKTIVBYRÅ, går for ei anna sak. Dei vil finne travhesten Halte-Blessen, som er kidnappa frå Lady Rosalind Pettersen. Berre ein ting er sikkert: Her er ugler i termosen! Illustrert av Per Dybvig Lars Mæhle er ein produktiv og prislønt barne- og ungdomsbokforfattar. Han har mellom anna vunne ungdommens eigen pris, Uprisen, og bøkene hans er omsette til fleire språk. Les også: Harry og Ivar finn opp krutet Harry og Ivar i Junaited Statesen Harry og Ivar tryllar jula inn
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2017-01-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Illustratør