Boka er eit unikt verk om dei førindustrielle ystetradisjonane, og noko tilsvarande har neppe vore laga her i landet. Boka dokumenterer ystetradisjonane i Valdres og samanliknar dei med landet elles. Boka er skriven med "upasteuriserte briller", fordi det meste av tradisjonsystinga var av rå mjølk ved låge temperaturar. Dette står i stor kontrast til dagens "heilpasteuriserte", norske mjølkeindustri. Tradisjonsystinga forsvann med mjølkebilen på 1950-talet. Kjørelda etter ystinga er tekne vare på, medan ostane er oppetne. Boka er skriven for å redde den immaterielle kunnskapen om tradisjonsystinga over i skriftleg form, slik at ostane kan gjenskapast. I boka finn du oppskrifter på rundt 20 tradisjonelle mjølkeprodukt, intervju med 35 eldre budeier, kunnskapen etter 200 informantar frå 1930-talet, 1020 illustrasjonar, ei riksdekkjande liste med 184 osteprodusentar, omtale av 292 norske og internasjonale osteprodukt frå vår samtid og over 3300 dialektord knytt til ost og ysting.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788299926409
Publisert
2013-07-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Mat & kultur
Vekt
3010 gr
Høyde
336 mm
Bredde
258 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
539
Forfatter
Illustratør