Eg vonar denne lefsereisa har gjeve deg innsyn i kor fantastisk rike me er på lefsetradisjonar. Det som er so grenselaust spanande å sjå, er korleis oppskrifter har vandra frå stad til stad, menneskje set sine avtrykk på ei oppskrift, fyri den går vidare til neste. Dette gjer lefsetradisjonar levande og tilgjengeleg for alle. Hardangerlefsa er den lefsa som eg har møtt flest gonger i ulike utgåver, og som flest har eit tilhøve til i heile landet. Å baka lefser med gode råvarer er ein rikdom som gjev status. Det er spanande å sjå kor vidt lefsa famnar som matemne. Det er ei sann glede å arbeide med so kjært matminne som so mange har eit tilhøve til i dag. Lefsa blir gjort levande i alle samanhengar i dag. Eg vonar du som lesar og brukar av lefseboka, finn inspirasjon til å leite på loft og i kjellar etter kjevle og takke, likeeins at du kan finne fram gamle kjære oppskrifter som du kan gjera til dine med dine hender. Bodil Nordjore
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299849210
Publisert
2014-09-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bakeverkstedet
Vekt
1460 gr
Høyde
270 mm
Bredde
214 mm
Dybde
36 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
326

Forfatter
Illustratør