Lekpredikanten og gründaren John Haugvaldstad blei fødd i Rennesøy i 1770. Dette er ein roman om oppveksten hans i fattige kår på Reianes, om dagane hans som dreng på Utstein Kloster og tida som gift bonde på Mosterøy. Boka blei til medan forfattaren, Ingunn Vingen-Bjerga, sjølv budde på Reianes. Ho kjenner det karrige landskapet, dei skrinne åkrane, den sure nordavinden. Med barsk realisme gir ho stemme og liv til vesle Jo Regenæs og folket hans, og dramatikk og farge til tida, eit lite øysamfunn på 1700-og 1800-talet. Dette er kulturhistorie og bygdehistorie i romans form, ei sterk forteljing om eit arbeidsamt og hardbale folk som hang i seint og tidleg for å halda svolten og nauda frå livet.
Les mer
Etterord av Sigrid Bø Grønstøl

Produktdetaljer

ISBN
9788299755559
Publisert
2014-11-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Sturnus forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
257