Bli med på ein historisk flytur over Sunnmøre. På denne ferda vil du få sjå korleis denne landsdelen tok seg ut frå lufta tidlegare. Frå si store samling med eldre flyfoto har forfattaren Johan Ottesen plukka bortimot 250 bilete som han presenterer i denne boka. Dei fleste fotografia er kring 50 år gamle. Men der er også foto som går heilt attende til pionertida for flyfotografering . til 1920-åra. Sidan desse bileta vart tekne, har det vore store endringar i både bygd og by. Og på denne rundturen innom alle kommunane på Sunnmøre har ein lagt mest vekt på stadene der det har vore dei største endringane framover mot i dag. Johan Ottesen (f. 1944) driv i dag eit fotoarkiv med flyfoto frå heile landet. Han har gitt ut ei rekkje lokalhistoriske bøker. Dei siste åra har han skrive mest om fiskedampskip og ishavsskuter.
Les mer
Boka inneheld ca 250 eldre flyfoto frå Sunnmøre, dei fleste tekne på 1950-talet. Fotoa frå kommunane og tettstadene presenterast med grundige bilettekstar og andre opplysningar . Med kjelder.
Basert på Johan Ottesens fotoarkiv

Produktdetaljer

ISBN
9788299530866
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
190

Forfatter