I denne boka følgjer vi historia til 41 fiskedampskip fram mot våre dagar. Dei fleste av desse vart bygde under første verdskrigen. Då var det eventyrlege prisar på fiskeprodukt, og nye båtar vart bestilte på rekkje og rad. Straks krigen var over, fall marknaden saman. Det vart bråstopp i bygginga av nye havfiskebåtar. Dampskip som hadde vore kjøpte til jobbetidsprisar få år før, hamna no på tvangsauksjonar og vart selde for ein slikk og ingenting. I desse vanskelege åra først på 1920-talet vart mange av dei norske fiskedampskipa selde til utlandet - særleg til Island. På slutten av 1920-åra betra tidene seg. Båtane vart ombygde og gjorde større. Etter andre verdskrigen vart dampmaskinene på dei aller fleste dampskipa skifta ut med motor. Men ut på 1960-talet hadde dei fleste gjort si plikt og vart erstatta av meir moderne havfiskefarty.
Les mer
Denne boka fortel historia til 41 havfiskebåtar på Sunnmøre, dei fleste bygd etter første verdskrig. Vi får høyre om vanskelege år på 1920-talet, ombygging, om skifte frå dampskip til motor, og om korleis båtane blei erstatta av moderne havfiskefartøy på 60-talet. Med båtregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299530842
Publisert
2008-05-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fotoarkivet
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
144
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter