I 1898 gjekk tre små sunnmørsskuter på selfangst. Det skulle bli starten på ei næring som skulle få mykje å seie for søre Sunnmøre. Brandal vart den dominerande ishavsbygda, men det kom også mange skuter frå Vartdal, Hjørungavåg, Tjørvåg og Remøya. Denne boka omtalar selfangstskutene som gjekk ut frå desse bygdene før 1920. Første tida var det fiskebåtar ein nytta til selfangst. Seinare fekk ein spesialbygde farty som kunne kome seg lenger inn i isen, og som tolte betre dei vanskelege forholda fangstfolka måtte arbeide under. Denne boka fortel historia til 43 ishavsfarty frå "vogge til grav". Ho gir dermed innblikk i endringane som har skjedd i denne næringa, særleg frå den første pionertida og fram til etableringa av ein stor og moderne fangstflote.
Les mer
Denne boka fortel historia til 43 selfangstskuter frå sunnmørsbygdene Brandal, Vartdal, Hjørungavåg, Tjørvåg og Remøya "frå vogge til grav". Boka gir samtidig eit innblikk i utviklinga frå den første pionertida og fram til etableringa av ein stor og moderne fangstflote i perioden 1898 til 1920. Med båtregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299530804
Publisert
2008-05-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fotoarkivet
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
141

Forfatter