Denne boka er Sverre Bungum sin hyllest til dei prestane som på 1800-talet med entusiasme og framtidstru arbeidde for at allmugen, dei fattige og underprivilegerte skulle løftast opp mot eit betre og verdigare liv. Og målet, så vel som middelet, var opplysning og kunnskap formidla gjennom skule og bibliotek, leseringar og foredrag.
Prosten Johan Fritzner Greve var på mange vis ein typisk representant for dei geistlege som gjekk i front og tok ansvar i det store nasjonale prosjektet. Samstundes var han fas- cinerande annleis enn prestar flest.
Forteljinga om Greve kan virke lokal, men den audmjuke og fromme presten var også ein viktig nasjonal aktør.
Greve var eit barn av si tid, samstundes som han var tidlaus.
På ein enkel og lettfatteleg - men kjeldetru måte - gir forfattaren oss innblikk i ei tid som dei fleste truleg berre vil ha ein vag kunnskap om, og det er god grunn til å tru at boka vil vekkja interesse ikkje berre i kyrkjelege miljø.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788293991014
Publisert
2022-09-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Hammersland bok & musikk
Vekt
240 gr
Høyde
210 mm
Bredde
148 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
110
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter