Anna er på haustferie i Frankrike. Saman med hunden sin Kaspar, mor og far, bur ho i eit lite hus i ein borgby ved Middelhavet.
I byen ligg eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko - og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit mysterium.
Samtidig blir Anna kjent med Namira og broren hennar Kasim som bur i eit gammalt murhus i borgbyen. Far deira pussar opp, og inni ein nedriven murvegg finn dei eit fleire hundre år gammalt dokument. Dette mystiske dokumentet fører dei på leiting etter ein gammal løyndom.
I boka følgjer vi også dokumentet bakover i tida, til den franske revolusjonen, der vi treff Bastien, og får vite kvifor dokumentet er gøymt i murveggen.
Anna, Kaspar og venene deira bestemmer seg for å finne ut av begge mysteria, men det skal vise seg at det kan bli både farleg og utfordrande.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788293798057
Publisert
2021-01-14
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Olla Forlag
Serie
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil
Forfatter
Lest av