Søskenbarna Tobias og Rosie er på vinterferie hos tanta si. Ein dag oppdagar dei eit gammalt, falleferdig hus i skogen. Den gamle mannen som bur i huset heiter Alfred og er klokkemakar. Han har huset fullt av gamle klokker, kvar med si historie. Ein dag fortel han barna om eit fleire hundre år gammalt uløyst mysterium som er knytt til to heilt spesielle klokker. Samtidig viser det seg at nokon held utkik med Alfreds hus. Ein mystisk, kvit varebil står gøymt i skogen. Plutseleg er Alfred sporlaust borte... Boka rettar seg mot aldersgruppa 6-12 år, men høver for alle generasjonar som set pris på ei god historie. Frå forordet i boka: «Vi kan berre følgje klokkene som blei sende til reparasjon. Med klokker som med menneske: dei lykkelege har inga historie.» C. Breguet I familien har vi mange gamle klokker. Fleire av dei har min grandonkel Alfred laga eller reparert. Då eg leita bakover i tida etter historiene til klokkene, kom eg over historia om klokkemakaren Abraham Louis Breguet, som var fødd i 1747. Dei to klokkene denne boka handlar om, blei laga av han. Under den franske revolusjonen forsvann klokkene og har sidan aldri blitt funne igjen. Det var mange dramatiske hendingar i Frankrike på denne tida, og dei to klokkene har i denne boka fått bli med på nokre av desse hendingane. Personane har levd, hendingane er verkelege, men reisa til klokkene er det eg som har fletta inn i historia. Gamle onkel Alfred har også verkeleg levd, men ikkje alle dei andre i denne boka. At dei to klokkene kom inn i denne familien si historie, og korleis det skjedde, er også rein fantasi.
Les mer
Søskenbarna Tobias og Rosie er på vinterferie hos tanta si. Ein dag oppdagar dei eit gammalt, falleferdig hus i skogen. Den gamle mannen som bur i huset heiter Alfred og er klokkemakar. Han har huset fullt av gamle klokker, kvar med si historie. Ein dag fortel han barna om eit fleire hundre år gammalt uløyst mysterium som er knytt til to heilt spesielle klokker. Samtidig viser det seg at nokon held utkik med Alfreds hus. Ein mystisk, kvit varebil står gøymt i skogen. Plutseleg er Alfred sporlaust borte...
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293798033
Publisert
2020-11-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Olla Forlag
Vekt
383 gr
Høyde
245 mm
Bredde
175 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
84

Forfatter
Illustratør