I 1803 kjem lekpredikanten, opprøraren, skribenten og næringsutviklaren
Hans Nielsen Hauge til «kolonien» i Bardu og Målselv. Der har bønder sørfrå slått seg ned,
mellom dei gudbrandsdølen Peder. Han er i gang med å rydde seg ein gard i Målselv.
I Trøndelag er Marit frå Oppdal ei av mange unge som
har slutta seg til Hans Nielsen Hauge sin veneflokk.
Oppmoda av Hauge, legg ho ut på den lange reisa
nordover.
Korleis er det å skape seg eit nytt liv som rydningsfolk?
Kva vil det seie å leve i kamp mot naturkrefter, uår og
sjukdom i ei tid der det er krig og mangel på det meste?
Og på kva måte skal menneska i nord bringe arven og
gnisten frå Hauge vidare, etter at øvrigheita bestemmer
seg for å sette ein stoppar for verksemda hans?
I romanen «Den søte forening» følgjer vi Peder og Marit
gjennom første halvdel av 1800-talet. Bygda veks, og den nye norske nasjonen utviklar seg etter kvart som haugerørsla tar nye former. Vi får også følgje ekteparet på ferda mot det siste møtet med den store lekpredikanten.
«Den søte forening» er ein fengslande historisk roman om Hans Nielsen Hauge og dei som førte arven vidare.
...
Liv Sundheim er oppvaksen i Bardu. Ho er utdanna samfunnsvitar ved Universitetet i Bergen, og har arbeidd innan offentleg forvalting med opp.gåver knytta til samfunnsplanlegging og samfunnsutvikling. Sundheim er tidlegare representert i fleire antologiar. «Den søte forening» er hennar første roman.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788293636434
Publisert
2023-11-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skriveakademiet
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
343
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter