Frå min veranda har eg utsyn over vatnet Møkeln, eg kan studera dei ulike årstidene, og i nattetimane kan eg stå og sjå opp mot månen og stjernehimmelen. Frå min veranda har eg også innsyn, til alt som har vore i livet mitt, og alt det som er. I krosspunktet mellom utsyn og innsyn er dikta mine blitt til. Mange av dei i seine nattetimar, fødde ut frå opplevingar gjennom dagen, eller av minne som kjem fram og blir nære. Dikta er blitt til der og då og straks lagt ut på facebook, usensurerte. Dei har vore min pust gjennom dagar som har kome og gått. På oppfordring har eg no samla ein del av desse dikta. Mine små øyeblikk. Bente
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293330059
Publisert
2015-03-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Epiphany
Høyde
17 mm
Bredde
11 mm
Dybde
5 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter