Robert Bly (f.1926) er ein godt kjent poet i USA - og i Norge. Han stammar frå Bleie i Hardanger. Fleire har gjendikta han, m.a. Olav H. Hauge, Tor Obrestad og Helge Torvund. Det er første gongen ei heil bok av han har vorte uttgitt i på norsk. The Nigth Abraham Called to the Stars inneheld 48 dikt inspirert av diktforma ghazal, ei spenstig diktform som oppstod i det før-islamske Arabia, men som er dyrka også i persisk og indisk dikting. Bly sin bruk av ghazalen har vorte ei mangslungen og spennande vandring i historie, forteljekunst og mytar, dikting og religion, frå ei fjern babylonsk fortid til samtida - og med linjer frå Bly sitt eige liv. Bly sine sprelske og peotiske sprang har funne sitt norske uttrykk i gjendiktingane til Odd Goksøyr, og blir sett søkelys på i eit essay av Per Olav Kaldestad.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293272038
Publisert
2014-11-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Ura Forlag
Vekt
121 gr
Høyde
180 mm
Bredde
149 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
81

Forfatter
Oversetter