«Av og til er Breivega rett og slett morsom . Lutheri! [er] en velskrevet, godt komponert historie om den urimelige religionsforfølgelsen som pågikk i vårt land. Breivega startet sent som romanforfatter, men han startet godt, og må bare skrive mer. Vårt Land»
Terningkast 5: «Muntlig, lett og sømløst trekker forfatteren oss inn i magister Kristofers liv og situasjon . For meg gir romanen et rikere bakteppe av den store omveltingen landet [opplevde] . Vel verd å lese.» Finn Stenstad, Tønsberg blad
Efrem forlag er oppglødd over å kunna presentera ein roman (NB: som no er bekrefta innkjøpt av Kulturrådet) av ein noko uvanleg debutant, den 77 år gamle Ola I. Breivega - filolog og tidlegare leiar i Noregs Mållag.
«Lutheri!» handlar om den historiske magister Kristofer Rasmusson Hjort, leiar for ei undergrunnsrørsle av katolske prestar i Noreg nokre tiår etter reformasjonen.
Forfattaren, som er full av innsikt i dei uforsonlege kreftene som stod mot kvarandre i Noreg i ei turbulent tid, lèt sitt språklege medium, nynorsken, spela på alle sine strenger, alt frå det pittoreske til det pikante.
«Å sjå til er landet som før. Same dalane og elvane, same fjordane og fjella. Same målet som før høyrest i bondestover og fiskarheimar og i dei gråe husklyngjene vi ikkje veit betre enn å kalla byar. Skomakarane syr sine skor, og kremmarane falbyd sitt kram. Folket tygg sin vassgraut og slurpar i seg sitt skjør. Og kvar helst det finst hus, finst det kyrkjer. Utanpå er dei òg som før. Men på innsida har noko nytt og framandt teke seg til rette. Det gamle er sundbrote og vraka; det som var noko verdt i klingande mynt, er rana og bortført til Danmark. Orda som lyder i dei før så heilage romma, er forvrengde, og songen har fått ein skjerande klang. Slik kan eg halda fram - og det kjem eg til å gjera så lenge det spinn liv i meg... »
Tidleg i romanen finn vi magisteren i Rostock, avslørd og landsforvist for «papisme», og der sit han og skriv på memoarane sine. Saman med sonen har han fastna der i hansabyen. Så ein dag dukkar fru Inger Ingolfsdotter opp. Er ho det underet han har venta på?
Fru Inger er ei sterk kvinne med sin eigen agenda, og nærværet hennar får magisteren til å bli var behov han ikkje har vore medviten om, fanga som han er i striden for å halda oppe Den katolske kyrkja i Noreg. Det er difor eit understatement i 2017 å kalla romanen aktuell - no midt i det lutherske markeringsår
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788292922392
Publisert
2017-06-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Efrem forl.
Vekt
297 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
190
Sjanger
Skjønnlitteratur
Forfatter