Jon Leirfall (1899-1997) var sentral i norsk politikk i meir enn seksti år, gjennom Bondelaget, Bondepartiet og Senterpartiet. Han var skarpskodd debattant, strateg, forfattar av historiske verk og sogebøker, omstridd og respektert. Kjell Håves biografi er veldokumentert, og går grundig inn på dei urolege trettiåra og den sentrale rolla Leirfall spelte både før og etter Quisling var forsvarsminister i Bondepartiets regjering og Leirfalls tid som flyktning i Sverige under andre verdskrigen. Historikaren Kjell Håve skildrar kampen for partiet og til dels mot Per Borten, Kings Bay-krisa og andre stortingsdebattar, og ikkje minst den omfattande forfattarskapen etter at Jon Leirfall gjekk ut av Stortinget i 1969. For dei historiske bøkene hausta han fagleg ros og heidersprisar. Med sogebøkene spidda han politikarkolleger og andre, og oppnådde noen av dei høgaste salstal noen norsk forfatt har fått. 384 sider, illustrert, innbunde med smussomslag
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788292920312
Publisert
2012-09-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bokbyen
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
384
Forfatter