Olav H. Hauge er av mange rekna for å vere ein av Noregs fremste omsetjarar. Omsetjingspraksisen hans står i nær samanheng med resten av diktinga, men fortener likevel eit særskilt blikk og ei større merksemd. I denne antologien finn du nitten bidrag til ei betre forståing av denne sida av Hauge sin forfattarskap. I tillegg til tekstar som tek for seg ulike sider ved omsetjingspraksisen til Hauge, inneheld boka Eldrid Lunden sitt intervju "Om omsetjing. Og om eit plommetre" frå 1984, ei bibliografisk oversikt over alle Hauges omsetjingar, samt ti omsette dikt som ikkje tidlegare har vore trykt i bokform. Bidragsytarane er Hadle Oftedal Andersen, Henning Hagerup, Ragnar Hovland, Georg Johannesen, Atle Kittang, Odveig Klyve, Eldrid Lunden, Ingrid Nielsen, Geir Pollen, Jørgen Magnus Sejersted, Torgeir Skorgen, Idar Stegane, Hilde Kristin Strand, Cathrine Strøm, Staffan Söderblom, Aasne Vikøy, Jens Wabø, Einar Økland og Johannes Østbø.
Les mer
Boka inneheld ei samling tekstar som tar for seg ulike sider ved omsetjingspraksisen- og produksjonen til Olav H. Hauge. Blant bidragsytarane er Hadle Oftedal Andersen, Henning Hagerup, Ragnar Hovland, Georg Johannesen, Atle Kittang og Odveig Klyve. Med oversikt over alle Hauge omsetjingar.
Les mer
Innledning av Atle Kittang

Produktdetaljer

ISBN
9788292635025
Publisert
2009-06-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
TransFe:r
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
272

Illustratør