Oddemann, Odd Gunnar Haugen, (1942-92) frå Hol i Hallingdal var ein av Norges fremste og mest særmerkte trekkspelarar, kanskje den beste toraderspelemannen i si tid. Han var også ein dyktig treskjerar. Oddemanns veg til anerkjenning som kunstnar var kronglete og lang. Han var fødd utanfor ekteskap og sosialt under dei etablerte folkemusikkmiljøa. Boka fortel korleis han trass desse handikappa greidde å utvikle seg som kunstnar og stange seg fram til anerkjenning. Ho fortel også om dei problema og personlege offera dette medførde. Øystein Molstad Andresen, fødd 1935, er forfattar og journalist og sambygding av Oddemann. Dette er den sjuande boka hans.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788291871196
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Boksmia forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
124
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter