OPPTUR HORDALAND tek deg med på 276 fotturar frå Hardangervidda i søraust til Fedje i nordvest. Her er bratte turar opp til breen og bynære rusleturar ved Bergen. Her er turar langs havkanten, og på bortgøymde stiar i frodige skogar. Alle kommunar er med, alle vanskegradar, og alle typar landskap fylket har å by på. Og Hordaland har det meste! Alle turane er teikna inn på flyfoto og gir deg rask og presis oversikt, saman med fyldige turomtalar. Anne Rudsengen (f. 1962) er naturoppsyn for Jostedalsbreen nasjonalpark. Ho har tidlegare skrive boka OPPTUR, 267 fottturar i Sogn og Fjordane. Finn Loftesnes (f. 1947) er fotograf og lærar på Sogndal Folkehøgskule, og har i ei årrekkje fotografert natur og landskap på Vestlandet, m.a. til bøkene Verdsarv Nærøyfjorden og OPPTUR, 267 fottturar i Sogn og Fjordane.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788291722757
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Fleksibind
Antall sider
672
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter
Illustratør