ME-pasientar har like dårleg livskvalitet som kreftpasientar. Dette vart slått fast av norsk forsking frå Fafo og SINTEF i det samfunnsvitskapelege prosjektet Tjenesten og MEg i 2023. Sluttrapporten viser at ME-pasientar ofte opplever å ikkje verte tekne på alvor innan helse- og sosialtenester, tvungne inn i skadelege tiltak hos Nav og verte mistenkeleggjorde i samfunnet elles, noko som samla sett er til stor meirbelastning for i utgangspunktet skjøre ME-pasientar. Kan ein ME-pasient sine refleksjonar om livet vere med på å spreie forståing for diagnosen? «Med denne debutboka står Tone Bakke fram med ei sterk og særmerkt litterær stemme. Prega av ein alvorleg ME-sjukdom formidlar ho tunge kvardagserfaringar, men også eit boblande overskot av glede og kjærleik til livet. Tekstane gjev nærleik til ein alvorleg livssituasjon, men også med tydlege invitasjonar til å reflektere over tida vi lever i og samfunnet vi er del av. Det er ikkje mine sko du ser er ei viktig bok - for alle.» Ove Eide, pensjonert lektor, forfattar
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788284162263
Publisert
2024-04-23
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Publica
Vekt
240 gr
Høyde
209 mm
Bredde
138 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
127
Sjanger
Skjønnlitteratur

Forfatter