Ei gryande uro av å vera sperra inne, tek kampen opp mot den tryggleiken som dei stengde romma stundom kan gi. I «To lyse hundar» får Den eldre tida til å gå ved å studera korleis skyene endrar fasong og karakter. Korleis dei kan framstå i så mange nyansar av gråfargar at talet nærmar seg det uendelege. Han kan det same om skyer som det ein røynd ornitolog kan om fuglar. Ornitologen og han ser det som flyg dei fleste augo forbi. Ofte vert han forstyrra av Den yngre, som med sitt urolege sinn, ikkje kan gi opp håpet om å sleppa fri. Om å komma ut og gjera opp for noko han gjerne skulle sett ugjort. Den eldre finn trøyst i to lyse hundar, som stundom kjem diltande fram frå mørke krør, når han kallar på dei. Fotografia i To lyse hundar har som mål å utfordra lesaren og gi alternative og utvida tolkingar til teksten.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788284161426
Publisert
2021-09-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Publica
Vekt
309 gr
Høyde
218 mm
Bredde
149 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
95

Bilder av