markert i både aviser (Dag og Tid) og ved museum i landet (Garborgsenteret påBryne). I dette nummeret gjev Espen Grønlie ei nylesing av Haugtussa (1895), somtek utgangspunkt i korleis resepsjonen har vurdert «naturen» i langdiktet. Grønliesyner korleis dei tolkingane av verket er mest heldige, som legg størst vekt på men-nesket sjølv som natur. Veslemøys utvikling er dermed ikkje ei atterspegling av na-turen kring henne, men ein del av han. Jon Fosse vart i fjor tildelt nobelprisen.Jamvel om vi no er komne til 2024, feirar vi òg denne prisutdelinga med ein analyseav Kvitleik (2023). Gjennom ei intertekstuell undersøking peikar Øyvind Tveite-reid Gulliksen på Fosses inspirasjonskjelder – alt frå Dante, i den kjende attdiktingatil Henrik Rytter og Sigmund Skard – til Moby Dick av Herman Melville. I fjorgjekk Hans Herbjørnsrud bort. Dette nummeret av NLÅ markerer òg novellekun-sten til denne for mange kjære forfattaren gjennom ein undersøking Kjell IvarSkjerdingstad har gjort. I sin artikkel argumenterer han for at Herbjørnsrud i fleirenoveller produserer eit nærvær hjå lesaren, og ved å nytte «skulptur» som metafor,viser Skjerdingstad korleis skulpturen dukkar opp som kalligram hos Herbjørnsrud,men òg korleis skulpturering og skulpturar i ulikt material stig fram i fleire noveller.Lesaren vil vidare finne andre spennande artiklar i dette nummeret. Det erekstra hyggjeleg å ha ein ung litteraturforskar med på laget, Ingrid Lorange, som ifjor vart master på basis av ei oppgåve om bruken av levende modellar i forfattar-skapen til Laura Kieler. Artikkelen hennar er ein omarbeidd versjon av delar avmasteroppgåva. Lorange gjer ei nylesing av den samtidige resepsjonen av KielersMænd af Ære (1890) og Gunnar Heibergs Kong Midas (1890), og viser korleis Kie-ler – uretvist – møtte større motbør enn forfattarkollegaen Heiberg. Vi kan òg tilbytre andre artiklar: Ståle Dingstad undersøkjer korleis Absalon Pederssøn Beyers OmNorgis rige (1567) blir oppfatta av den fiktive karakteren og historikaren ved namnFjord i Dag Solstads Roman 1987. I same artikkel ser Dingstad òg resepsjonen avBeyers noregsskildring i lys av Solstads roman. Morten Auklend har òg levert eitforvitneleg bidrag som etablerer kontakt mellom eit moderne og eit historisk verk.Auklend granskar i sin artikkel ei rekkje allusjonar i Ingvild Burkeys diktsamlingDen mest tenkelige av alle verdener (2008) til filosofen Leibniz’ Monadologien (1714).Ei nærlesing av lyrikk avsluttar også årboka. Hadle Oftedal Andersen les Inger Eli-sabeth Hansens dikt «Bruk og misbruk av klippeblåvingen» frå Å resirkulere leng-selsen, avrenning foregår (2015), der han knyter seg til Timothy Mortons utgreiingav sambandet mellom økokritikk og dekonstruksjon.]]>
Les mer
Årgang 48
Produktdetaljer
ISBN
9788283901610
Publisert
2024-11-11
Utgiver
Vendor
Novus Forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
153