(1904–1983) debuterte med Det du ikkje veit i 1949. Skrede var frå Vågå i Gudbrandsdalen, og opplevingar i barndommen og førkrigsåra ligg som ein klangbotn i forfattarskapen. Skrede hadde sona ein dom, av mange vurdert som eit justismord, og den plaga og forfølgde outsideren er ein gjennomgangsfigur i dikta – den utstøytte som følgjer si eiga leiestjerne. Til saman gav Skrede ut 12 diktsamlingar, og han var ein toneangivande kritikar, forlagsmann og omsetjar med stor innverknad på norsk kulturliv i etterkrigstida. For 1960-talsdebutantane representerte Skrede eit forelda diktarideal, og forfattarskapen har i nyare tid fått langt mindre merksemd enn livet hans. Steinmål og strengesong. Om Ragnvald Skredes lyrikk hentar fram att Skrede som lyrikar og gjendiktar. Å gjenlese Skrede fører oss inn i grunnstemningar i etterkrigslyrikken, men òg inn i uventa tankevendingar og eksistensielt alvor.]]>
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283901504
Publisert
2024-09-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
322 gr
Høyde
220 mm
Bredde
140 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
200