Trass i markant større likestilling, pappaperm og vennskapeleg bromance: Kor mykje kjenner menn på presset om å oppføre seg som mannfolk? Er det greitt å grine? Vil alle menn alltid ha sex? Er homofobi fremdeles noe sjølv liberale, unge menn kjenner på? Kan han fortelle bestekompisen sin alt? Mannemenneske er 23 portrett av menn, eitt kapittel for kvar mann, der alle er anonymiserte. Og Aksnes får mennene i tale, får gitt dei ei stemme som får brakt deira indre monolog ut i det offentlige. For kva tenkjer eigentlig mannen innerst inne? Enn så høgrøysta menn kan vere, så trenger dei ein stemme som seier det som ikkje blir sagt høgt også. Denne boka er modellert etter ei bok som heter Menn og elskere - kjærlighetens lykke og ulykke, skriven av Åshild Ulstrup. Denne kom ut i 1978, og i tida som har gått sidan den gong har vi hatt en likestillingsrevolusjon. Det var same år som vi fekk både likestillingslova og lova for sjølvbestemt abort. Så korleis ser eigentleg biletet ut 40 år seinare?
Brit Aksnes (f. 1977) jobbar som kulturfrilansar etter mange år i forlagsbransjen. Ho melder film for avisa Dag og Tid, har laga radiodokumentarar og program for Ekko på NRK P2, mellom anna serien "Mannfolk", som var opptakten til Mannemenneske. Dette er hennar debut som forfattar.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788283830316
Publisert
2018-10-10
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Pelikanen
Vekt
278 gr
Høyde
205 mm
Bredde
131 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
202
Forfatter