Skolehistorie og skolen i museumsformidlinga er gjennomgangstema i denne årboka til Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og Sør-Trøndelag Historielag. Dei ulike bidraga dekker mange forskjellige skoleslag, alt frå allmugeskolar i byen og på landet til lærarseminar, landsgymnas, folkehøgskole og Døveskolen i Trondheim, som var den første spesialskolen i landet. Skolen i museumsformidlinga blir opplyst med døme frå Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og skolemuseet i Råbygda i Skaun.
Skole og opplæring har vore ein berebjelke i demokratiutviklinga. Kunnskap og ferdigheiter i ulike fag har gitt barn og unge grunnlag for å bli aktive samfunnsborgarar. Allmugeskolen i Noreg går heile 280 år tilbake i tid, og hundre år seinare kom den organiserte opplæringa for lærarar. Folk med funksjonsnedsetting fekk lovfesta rett til opplæring i 1881, 140 år etter at allmugeskolen vart innført. Latinskolar hadde eksistert i byane frå mellomalderen. På tidleg 1900-tal kom landsgymnasa. Folkehøgskolane vart etablerte i andre del av 1800-talet. Alle desse skoleslaga finn vi representert i den trønderske skolehistoria.
Les mer
Forord av Aud Mikkelsen Tretvik
Produktdetaljer
ISBN
9788283051261
Publisert
2021-12-13
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Museumsforlaget
Vekt
416 gr
Høyde
240 mm
Bredde
172 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
145