Mikrohistorie er ei tilnærming til måten ein fortel historie på, som ser på dei små einingane, ei hending, eit samfunn eller eit individ. Objekta som blir granska, blir sett inn i ein større samanheng: Ein prøver å seie noko om overordna problemstillingar ved å gå tett inn på eitt slikt objekt frå så mange vinklar som kjeldematerialet gir høve til. Mikro.historia blir gjerne sett på som ein del av det som har vore kalla den nye kulturhistoria. Den inviterer gjerne lesarane inn i forskingsprosessen og legg vekt på vanskane med å finne sikre svar, samstundes som ein er bevisst på dei store hola i kva vi veit om fortida, og oppfordrar til å finne spor ved nærlesing av primærkjelder. I denne boka prøver historikarar frå mange forskjellige fagmiljø tilnærminga med ulike teoretiske problemstillingar og ulike periodar og tema. Bidraga tar for seg fleire måtar mikrohistorie har vore definert og brukt på: allment og i forbindelse med allmenn bygdehistorie. Dei viser òg fleire metodiske tilnærmingar, mellom anna korleis arkivseriar kan brukast i mikrohistoriske analysar. Bidraga går frå mellomalder til moderne historie og dekkjer tematisk både politisk, sosial og økonomisk historie. Boka passar for studentar, historikarar, tilsette i museum og skribentar og lesarar av lokal- og bygdehistorie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283050936
Publisert
2020-09-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Museumsforlaget
Vekt
688 gr
Høyde
235 mm
Bredde
158 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
320
Sjanger
Faglitteratur