Ofte kan eg sjå det på andre. Eg veit ikkje nøyaktig korleis eg ser det, for det er flyktig. Det bur i ansiktet. Det er i huda, rundt munnen, i blikket. Enkelte kvinner ber smerte i ansiktet. Menn også. Det er vanskeleg å få taket på, det snor seg lett unna. Det trassar ungdom, det trassar skjønnheit. Eg har sett det hos andre sidan eg var barn, før eg visste kva det var. Eg har sett det hos barn. Eg har sett det hos eldre kvinner. Enkelte dagar har eg sett det i meg sjølv. I porene, i hudtonen, i linjene. Det piplar fram om eg ikkje passar på.
Liv er ein sjukepleiar som tek godt vare på seg sjølv og andre. Ho er eit heilt normalt menneske som skjuler ei heilt normal hemmelegheit. Ei natt, for fleire år sidan, blei ho valdteken. Av ein mann ho frivillig blei med heim. MAKTA handlar om makt, men også om å makta. Å orke å gå vidare.]]>
Les mer
"Ei av ti kvinner er offer for valdtekt. Med Makta viser Heidi Furre kva den statistikken faktisk betyr. (...) Tematikken er rå og vond, men Makta er god, også litterært. (...) Ein roman om valdtekt og verknadene den har på individ og samfunn, vil sjølvsagt aldri vera ei 'kjekk' eller 'koseleg' feelgood-bok. Men Heidi Furre gir lesaren ein god stad å vere likevel, i denne kloke og klare boka."
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788282883955
Publisert
2021-08-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Flamme
Serie
Vekt
290 gr
Høyde
212 mm
Bredde
135 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
143
Forfatter