«I boka 'Det norske demokratiet og dets fiender 1918-2018' går historikarane Øystein Sørensen og Nik. Brandal gjennom det dei med sitt liberaldemokratiske utgangspunkt reknar som dei viktigaste antidemokratiske rørslene på venstre og høgre fløy dei siste hundre åra, og prøver å forklara kvifor det norske demokratiet har vore så motstandsdyktig overfor slike straumdrag. Det er blitt ei spennande reise. […] Det kan altså bli meir krevjande å ta vare på Norge som ein freda plett i eit stormfullt globalt landskap. Men boka til Sørensen og Brandal gir også grunnlag for optimisme. Folkestyret har vore ganske robust i Norge, og det kan vera litt å læra av korleis kriser og truslar er takla før. I så måte gir 'Det norske demokratiet og dets fiender' både kunnskap og utfordringar for tanken.»
- Tom Hetland, Stavanger Aftenblad