«Skal du på en kort tur til Roma, et førstegangsbesøk eller en hyggetur med gjengen til den italienske hovedstaden? Da er ikke dette boken for deg. Dette er til gjengjeld boken for spesielt interesserte — og en meget god bok for dem [...] Drømmen må være 10 dager i Roma, med denne boken som reiselitteratur. Denne og ingen annen.»
- «Skal du på en kort tur til Roma, et førstegangsbesøk eller en hyggetur med gjengen til den italienske hovedstaden? Da er ikke dette boken for deg. Dette er til gjengjeld boken for spesielt interesserte — og en meget god bok for dem [...] Drømmen må være 10 dager i Roma, med denne boken som reiselitteratur. Denne og ingen annen.», Vagabond
«Boka er nyttig både som førebuing, som grundigare innføring medan ein er på staden og til oppdatering etterpå. Boka kan faktisk lesast som Romas kulturhistorie utan å reisa dit, ein treng ikkje lesa frå perm til perm, men det ein søkjer kunnskap om. [...] dette er ikkje en vanleg Roma-guide, men noko mykje meir. For den som brukar tid med boka, vel det vera eit vell av opplysningar, kunnskap - og oppbygging! Det er tydeleg at boka er skriven av kunsthistoriske fagfolk som elskar både faget og byen. Så alle Roma-elskarar, skaff dykk boka!»
- Johannes Kleppa, Dagen
«Arealet innanfor dei antikke bymurane (som framleis står) er på 14 kvadratkilometer, og lista over obligatoriske attraksjonar er lang. Då nyttar det ikkje berre å rusle litt rundt. […] Her trengst det planlegging, og då treng ein ei slik bok som denne. Det var på høg tid at ho vart skriven, for så vidt eg veit, finst det inga slik bok på norsk frå før. Forfattarane har valt ut dei monumenta dei synest er viktigast, og sett dei inn i ein rundtur som både er geografisk og kronologisk: Frå dei antikke minnesmerka kring Forum, via dei gamle kyrkjene på austkanten til høgmellomalder, renessanse og barokk på Marsmarka. […] Ho vel ut noko og handsamar det skikkeleg, til skilnad frå den summariske stilen i vanlege reiseguidar. Dessutan er boka fri for slike feil som florerer i guidebøker og som kjem av omsetjarar utan sakkunnskap. […] Stoffet i boka er vel utvalt og fint framstilt. […] Boka er veleigna for bruk på staden, ho er lita og lett å bere med seg, lett å finne fram i og med passe lange forklaringar. Samstundes er ho òg veleigna for sofaturistar eller som reiseførebuing. Ho kan fylle mange travle dagar i Roma, men ho kan òg vere god å ha med seg om det ein har tenkt å gjere, berre er å rusle litt rundt.»
- Gjert Vestrheim, Dag og Tid