Kva vil det eigentleg seie å jobbe offshore? Kva gjer dei på der ute? Korleis kjem dei seg dit? Og korleis er arbeidsdagen? Det er kanskje ikkje så mange som veit det, sjølv om ein har mor, far eller andre kjende som jobbar i Nordsjøen. Heldigvis var bamsen Alfred også nyfiken på dette, og då han fekk tilbod om å vere med ingeniør Kurt Rutledal på jobb var han ikkje i tvil: Alfred skulle offshore! I denne boka får vi vere med han i det spennande møte med dei ulike yrkesgruppene på Åsgard A på Garsholbanken i Norskehavet. Maskinistar, målarar, ingeniørar, sjukepleiarar, kokkar, reinhaldsarbeidarar og mange, mange fleire tok Alfred med på sitt livs eventyr! Det er eit eige lite samfunn der ute, og vi får på nært hald oppleve kva dei jobbar med, kva dei gjer på fritida, kva dei et, korleis dei har det på lugaren. Med over 340 bilde er dette ei bok du verkeleg lever deg inn i.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788282402033
Publisert
2024-12-16
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Serie
Vekt
550 gr
Høyde
231 mm
Bredde
212 mm
Dybde
13 mm
Aldersnivå
6-9, 9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
120
Sjanger
Faglitteratur
Forfatter