Det er 12. desember 1953. Olav Nordheim (44) døyr brått og etterlet seg kone og sju born i alderen eitt til nitten år. Kona Ingebjørg (43) fryktar at om ho ber om hjelp så vil syskenflokken på sju bli delt opp. Ho isolerer seg og prøver å gøyma seg vekk så godt ho kan. Denne isolasjonen greier ho ikkje bryta så lenge ho lever. Derimot arbeider ho seint og tidleg, i hovudsak på same måten og med dei same oppgåvene som då mannen levde. Det nye er at ho er åleine om alt, åleine om ansvaret for borna og utan inntekt. I denne boka fortel Laila Ingebjørgsdotter Nordheim Alme, som var eitt år og ni månader då faren døydde, om oppveksten på småbruket Nordheim i den vesle bygda Eidsland i Bruvik kommune på femtitalet. Om sorga, ansvarskjensla og det sterke samhaldet etter at faren døyr. Og om korleis særleg eldste broren, som overtok garden, og mora med gode rutinar greidde å halda hjula i gang. Me er med familien gjennom året og høgtidene både i gardsarbeid og matstell. Måltida og mattradisjonane er ein viktig del av boka. Eit utval av oppskriftene som mora brukte er samla bak i boka. Der det ikkje finst noka oppskrift, er framgangsmåten til tradisjonsrettane omtala der det er naturleg i teksten.
Les mer
"Til born og barneborn" - Tittelsiden

Produktdetaljer

ISBN
9788282401739
Publisert
2021-11-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Høyde
216 mm
Bredde
145 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
112