Gjennom bileta sine dokumenterte fotograf Andreas Berge (1886-1960) kvardagslivet i Herøy kommune på Sunnmøre gjennom ein periode med rivande utvikling. I 1905 lånte han pengar til å kjøpe kamera, to år seinare starta han fotoverksemda si, og han var aktiv fotograf til ut på 1950-talet. Denne boka viser bilete frå landbruk og fiskeri, fiskeindustri og tidleg skipsbygging, handel og næringsliv, bustadbygging og byutvikling, særleg i Fosnavåg. Og her er bilete frå alle livets fasar, frå fødsel til død, konfirmasjon og bryllaup, kvardag og fest. Når fiskarar og småbrukarar i starten vegra seg mot å oppsøke atelieret, tok fotografen med seg apparatet rundt om i Herøy, og i eigen båt ut på fiskefeltet. Med sine mange tusen bilete er samlinga etter fotograf A. Berge ein kulturskatt for folket i Herøy.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401296
Publisert
2017-11-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Høyde
265 mm
Bredde
244 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
176

Forfatter