Bernt Tunold (1877-1946) var ein av våre fremste målarar på 1900-talet - og vestlandsmålaren framfor nokon. Ingen skildra det grøne Vestlandet som Tunold. I unge år hamna han i skuggen av vennen Nikolai Astrup, men gjekk seinare sine eigne vegar. Mykje av livet sleit han med eigne demonar og ytre vilkår som gjorde kunstnarlivet vondt og vanskeleg. Bernt Tunold var frå Selje i Nordfjord, budde i periodar i Sigerfjord i Vesterålen og Hyen i Nordfjord, men hadde størstedelen av livet heimen sin i Bergen. Motiva sine, helst landskap og gamle tun, fann han over heile Vestlandet. Frå midten av trettiåra fekk stilleben og interiør ein sentral plass i kunsten hans. Forfattaren har reist i Tunold sine fotspor til dei mange stadene han vitja med staffeliet og paletten. Han har snakka med folk som kjende Tunold, sett Tunold-bilete på mange vegger, og har saumfare det som finst av skriftlege kjelder. Den personen som stig fram er ein heroisk kunstnar, som aldri gav opp å måle, og som endå i vanskelege tider skapte noko av sin finaste kunst. Boka inneheld kring 375 illustrasjonar, av dette over 200 måleri og teikningar, og ei verkliste med kring 750 måleri og teikningar av Bernt Tunold.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401104
Publisert
2016-11-08
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
368

Forfatter
Illustratør