Kinn, ytst mot storhavet i Sunnfjord, ein halvtimes båtreise frå Florø, har tre store attraksjonar: fjellformasjonen Kinnaklova, den gamle Kinnakyrkja i stein, og Kinnaspelet, eit av dei mest tradisjonsrike sogespel i landet. - Kinnaklova er eit av dei mest markante seglingsmerka på norskekysten. - Kinnakyrkja, bygd på 1100-talet, har historia si knytt til Sunnivalegenda, og har mykje felles med helgenstaden på Selja, litt lenger nord på kysten. - Kinnaspelet "Songen ved det store djup" er framført årvisst sidan 1985, og har samla eit publikum på kring 90 000 på friluftsscena innunder fjellet, med himmel og hav som kulissar. Denne boka fortel historia om Kinn, Kinnakyrkja og Kinnaspelet, og er også ein vegvisar i landskapet på den særmerkte øya. Rikt illustrert med foto og kart.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400794
Publisert
2014-06-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
143

Forfatter