Dønningar er Jon Tolaas si tolvte skjønnlitterære bok sidan debuten i 1967. Samlinga spenner vidt, frå dei 22 dikta i "Kråkenessuiten" som fangar inn eit landskap og eit folk til enkeltdikt som speglar mennesket som ledd i større ikkje-religiøse samanhengar. Som før er tekstane hans freistnader på å finne ut litt meir om kva det vil seie å vere menneske - i Tolaas si særeigne blanding av alvor og skjemt, vakkert og ureint, lyrisk og direkte. Jon Tolaas (f. 1939 ) er lektor og forfattar, med ein omfattande skjønnlitterær forfattarskap bak seg sidan debuten med Gjest i ditt tjeld i 1967. Men for mange er draumeforskaren like kjend som lyrikaren og læraren. Den faglitterære bibliografien hans tel over 20 titlar. I dikta og novellene er det vakre og det ureine blanda på særmerkt vis, i eit spennande mangfald. "Eg er ein mann som talar med mange tunger", har han sagt om seg sjølv. Og dette er kanskje den beste karakteristikken av forfattarskapen: alltid overraskande, men alltid med auge for det vakre i det menneskelege.
Les mer
Dikta i denne boka beskriv landskap og folk, og dei speglar mennesket som ledd i større ikkje-religiøse samanhengar.
Etterord av Ove Eide

Produktdetaljer

ISBN
9788282400022
Publisert
2009-03-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
71

Forfatter