Solveig Mork Holmøyvik var ei sint lita jente som vaks opp til å bli ei veloppdratt kvinne. Så vart ho mor og forstod at sinnet berre hadde lege i dvale. Når det no hadde vakna til live: Korleis skulle ho handtere det? Måtte sinnet temjast, eller kunne det gå an å bli ven med det?
Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet er forfattarens reise i sitt eige raseri. Samstundes undersøker ho temaet frå mange synsvinklar: psykologisk, politisk, kulturelt og biologisk.
Kvifor blir vi sinte? Er det framleis slik at vi toler mindre sinne frå kvinner enn frå menn, til og med når sinne er heilt på sin plass? Og korleis har sinte kvinner blitt oppfatta gjennom historia, frå krigande valkyrjer til høglydte feministar i 1970-åra?
Boka ser kritisk på sinne som maktmiddel, men er også ei hyllest til sunt sinne. Ho er skriven i solidaritet med dei kvinnene som ikkje torde å seie ifrå – men også med dei som aldri roa seg ned, og som difor har fått noko til å skje.
Les mer
Solveig Mork Holmøyviks bok om kvinner og raseri er både informativ og øyeåpnende. […] Det gis slående eksempler på hvordan kvinner viser raseriet sitt. […] Et leseverdig stykke sinnemestring.
Produktdetaljer
ISBN
9788282263061
Publisert
2024-07-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Res Publica
Vekt
277 gr
Høyde
187 mm
Bredde
127 mm
Dybde
21 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
246
Forfatter