Frå slutten av 1920-talet og fram til selskapet bytta namn til Tide og seinare vart til Norled, var det Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) som frakta oss og bilane våre over fjorden. Den runde raude rosetten med bokstavane HS var kanskje det best innarbeidde firmamerket på heile Vestlandet. No er både HSD og mange av ferjesambanda historie og fleire samband kjem til å bli erstatta av bruer og tunellar i tida som kjem. Dette er historia om korleis det var før, då dei svarte og kvite ferjene med HSD flagg i masta gjekk på kryss og tvers mellom øyar og fjordbygder og slik sydde landsdelen saman. Harald Sætre har i mange år interessert seg for ferjer og samferdsle i Hordaland. Han har tidlegare skrive boka «Damp, diesel og pågangsmot» og var ein av hovudforfattarane av boka «Eit skip heitte Stord».
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281630673
Publisert
2014-11-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kapabel
Vekt
780 gr
Høyde
248 mm
Bredde
227 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
135
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter