"No lyfter eg reiret høgt, og held det opp mot straumlinja. Eg vil at svaleparet, ei mor og ein far, ein hann og ei ho, skal sjå meg. Sjå meg, sjå reiret sitt. Sjå kva det er som hender. Eg vil at dei skal kunna finna egga, finna ungane sine. No når eg, denne framande, lange, bykaren, straks er heilt ferdig med dei. Slik at dei kan halda fram med å ruga på egga, ja, og mata ungane sine, når egga no straks er sprekkeferdige. Slik at dei kan få lært ungane å fly innan hausten, frosten, kjem krypande." Arnt Birkedal er fødd 1959 i Stavanger, der han bur. Han debuterte i 1983 med diktboka Balladen om hålet i dørå og har sidan skrive ei lang rekke bøker, dikt og prosa, for vaksne og unge. Han har mottatt Samlagsprisen (2007), Rasmus Løland-stipendet (2008) og Teskjekjerringprisen (2008) for bøkene sine.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281401761
Publisert
2014-10-06
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Wigestrand
Vekt
220 gr
Høyde
214 mm
Bredde
139 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
117

Forfatter