Kortroman frå Odveig Klyve. Kvar dag tok eg den svarte kassen fram, opna og såg på innhaldet. Eg strauk over den ruglete overflata med mønster av slangeskinn. Kassen var slitt i kantane etter bruk. Dei tre låsane var rusta. Korfor gøymte han den på loftet. Var det for oss? Eller var det for seg sjølv? Korfor tok han vare på dette, ein boge, eit sagblad som skalv når eg løfta det opp? Den raude plysjen hadde merke etter alle gongene nokon hadde gripe etter bogen, etter saga. Dette er ei forteljing om å gløyma og hugsa. om å teia og tala, om det mørke og det vidunderlege. Dette er ei Lettlest-bok, støtta av Leser søker bok. Odveig Klyve (f. 1954) debuterte i 1993 med diktsamlinga ?Rift?. Klyve har skrive ni diktsamlingar, åtte barnebøker, og har gjendikta fleire utanlandske poetar. Klyve fekk Ordknappen (2007) for boka ?Glad i deg?.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281401525
Publisert
2013-10-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Wigestrand
Vekt
151 gr
Høyde
213 mm
Bredde
136 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
62

Forfatter