Då ho var lita, hadde Ana Pêgo stranda som leikeplass. Ho gjekk turar, kika på det yrande livet i fjøra og samla fossil. Alt dette var så spennande at ho bestemte seg for å bli biolog, for å studere det fargerike dyrelivet nærare. Men etter kvart såg Ana meir og meir av noko som likna på ein ny, mangfaldig dyreart: plast. Ho begynte å samle på plast frå havet, og gav den nye arten eit namn: Plasticus maritimus.Med ei eineståande formidlingsevne og stort pedagogisk overskot fortel Ana Pêgo historiene bak avfallet som flyt i land langs kysten vår. Ho forklarar djuptgåande kvar plasten kjem frå, korleis han påverkar livet på kloden og kva problem han fører med seg. Men ho viser oss også korleis vi kan gå fram for å endre utviklinga.Norske barn veks opp med strandrydding og lærar om plast i havet og naturen. Dei er svært opptekne av miljø, og temaet er sentralt i både barnehage og skule. I Plasticus maritimus tek Ana Pêgo barna på alvor og gir dei grundig fagleg kunnskap om temaet.]]>
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788279593836
Publisert
2024-08-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
416 gr
Høyde
217 mm
Bredde
158 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175
Illustratør
Oversetter