Sju galningar (1929) er hovudverket blant romanane til Roberto Arlt. Det er ei vill forteljing frå underverda i Buenos Aires, der pengeinnkrevjaren og oppfinnaren Erdosain manøvrerer blant små og store kjeltringar, horer og hallikar, skrønande gullgravarar, revolusjonære militære og mystiske drøymarar med stormannsgalne planar. I samtida blei Arlt kritisert for den ureine stilen sin, men ettertida har sett på han som ein nyskapar. Arlt blanda ulike skrivemåtar og braut både konvensjonar og fornuftas reglar. Historia om den pengelense Erdosain er ein røvarroman med element av surrealisme og skiten realisme. Verket er drive av ein rasande desperasjon, eit agg mot samfunnet og ein hemningslaus fantasi som gjer romanen til ein nærast profetisk parabel over det urolege hundreåret som kom etter boka. «La oss, for å vere beskjedne, seie at Roberto Arlt er Jesus Kristus.» Roberto Bolaño
Les mer
Roberto Arlt skreiv forbløffande moderne og aktuelt om det ulukkelege individet.

Produktdetaljer

ISBN
9788279593744
Publisert
2024-05-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
146 gr
Høyde
185 mm
Bredde
126 mm
Dybde
34 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
342

Forfatter
Oversetter