Vener av Bernhard er ei reise tilbake til dei frie 1920-åra der alt verkar å blomstre, medan det ulmar under overflata. I romanen møter vi unge Bernhard, som er elska av venene rundt seg. Han er mild og god og ein inspirasjon for deimeir eksentriske, meir eller mindre knekte personlegdommane omkring han. Vi følgjer den unge kunstnarvenegjengen gjennom Europa og blir med til Paris, Berlin, Lugano og Firenze - fristadar for kunstnarar og dei som samtida såg på som avvikarar. Schwarzenbach skriv fram eit miljø der kjønnsroller går i oppløysing og menneske står friare i møta med kvarandre. Boka krinsar rundt tema som kjærleik, venskap, homoseksualitet, fridom, men også lengsel etter tryggleik og det å høyre til. Romanen er i dag sett på som eit sentralt verk i den moderne, skeive verdslitteraturen og det å høyre til. Annemarie Schwarzenbach (1908-1942) var del av ein ung, fritenkande generasjon kunstnarar i etterkrigstidas Europa. Sveitsaren var blant dei første forfattarane som våga å skrive skeiv litteratur og fekk svært god mottaking i si tid.Ho døydde ung, og familienhennar, som sympatiserte med nasjonalsosialistane, la lok på forfattarskapenhennar, og store delar av verket hennar vart destruert. Først i 1980-åra, etter at nevøen Alexis Schwarzenbach oppdaga ho på nytt, gjenoppstod Annemarie Schwarzenbach med ikonisk kraft. I dag blir ho lovprisa som ein uredd feminist og eintidleg frontfigur for kampen for eit fritt liv på tvers av normer for kjønn og seksualitet.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2024-03-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Oversetter