Forfattarskapen til franske Marcel Proust er eit nav i den moderne verdslitteraturen. Hans gigantiske roman «På sporet av den tapte tid», som kom ut i 15 bind frå 1913 til 1927, har blitt eituomgjengeleg referansepunkt for boklesande over heile verda. «Swanns kjærleik» utgjerein lang digresjon i det store romanverket, men forteljinga står samstundes på eigne bein. Ho er ei av dei mest kjendekjærleikshistoriene i verdslitteraturen. Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, uro, svartsjuke, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne og å elske eit anna menneske. Marcel Prousts (1871-1922) var fødd i einvelståandeborgarleg familie i Paris, og helsa hans gjorde at han fekkein avsondra oppvekst og ein ufullført skulegang. I unge år var Proust kjent som ein dilettant og oppkomling, eingjengangar i dei snobbete salongane til det øvre borgarskapet, noko som seinare gav han eit rikt materiale til den store romanen. Manuset til det første bindet av storverket blei refusert av fleire forlag, før forfattaren enda med å betale for utgjevingasjølv.
Les mer
Kjærleik og galskap i vakker, fransk foreining [.] Margunn Vikingstad lukkast med å overføre Proust si særeigne språklege flyt til eit naturleg og moderne nynorsk, og blåser nytt, vitalt liv i ein av dei mest tonegjevande romanane i europeisk litteratur.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2023-12-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
306

Forfatter
Oversetter