Keramikarparet Kari Bugge Gjerstad (f. 1925) og Odd Gjerstad (1923-2014) har vore sentrale personar i utviklinga av det frie kunsthandverket i Noreg. Denne boka gir glimtvise innsyn i deira yrkesliv og store produksjon. Arbeidet deira med leire og glasur er hovudtema i boka, men vi får også møte lærarar, vener, kollegaer og lærlingar som har vore viktige for deira utvikling, og inspirasjonskjelder i form av kunst og kultur frå alle tider og verdshjørne. I 1954 skapte paret sitt felles varemerke, Odka, som blei brukt på mykje av det dei laga sjølve, og på all godkjend produksjon frå praktikantane deira. Alt dei har laga har likevel anten Odd eller Kari si form som utgangspunkt.
Sonen deira, Alf Bugge Gjerstad, er redaktør for boka. Han er utdanna biletkunstnar og har mellom anna vore prosjektleiar for kunstnarisk utsmykking i Hordalands fylkeskommune. Den rikt illustrerte boka inneheld mellom anna tekstar av førstekonservator Anne Britt Ylvisåker, journalist Cathrine Krane-Hansen og hovudpersonane Kari og Odd sjølve.
Les mer
Produktdetaljer
ISBN
9788279593126
Publisert
2020-10-01
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1038 gr
Høyde
285 mm
Bredde
215 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
221
Sjanger
Faglitteratur
Redaktør