Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landet sine grenser. I "Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise" fortel Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellomalderen og fram til 1860-talet. Karlberg tar for seg det rike samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon. Er dei lokale draktskikkane berre fortolkingar av den europeiske motedrakta eller er dei sjølvstendige kulturelle ytringsformer? Er brodert rosesaum berre ein impuls frå den europeiske rokokkomoten eller også ein folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske folkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls? Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret råkar likt også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg ho til utvida forståing av draktskikken i heile Noreg. Boka er rikt illustrert med over 500 fotografi og illustrasjonar av klede og draktdelar, kunstbilete og demonstrasjonar av påkledning. "Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise" er ei etterlengta bok - for allment interesserte og for dei som vil gå djupare inn i drakt- og tekstilhistoria. Praktverket er eit resultat av 40 års forskings- og dokumentasjonsarbeid og er eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie.
Les mer
Boka vil vere svært viktig for både valdrisar og tekstilnerdar.

Produktdetaljer

ISBN
9788279592273
Publisert
2015-08-19
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1540 gr
Høyde
282 mm
Bredde
216 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
375

Forfatter